Norges Dykkeforbund / Nyheter / 2024 / Til Euroafrikansk mesterskap i undervannsjakt!
Tormod Hausken Jacobsen fra Sola Fridykkerklubb er en av utøverne som skal representere Norge under EAM i undervannsjakt i Tyrkia.
Tormod Hausken Jacobsen fra Sola Fridykkerklubb er en av utøverne som skal representere Norge under EAM i undervannsjakt i Tyrkia.

Til Euroafrikansk mesterskap i undervannsjakt!

Torsdag 29. mai 2024 brakar det laus med CMAS Euroafrican Championship i undervannsjakt, og i år er det Tyrkia som er vertsnasjon!

Noreg er representert, og det er denne gongen til saman seks utøvarar på landslaget: tre kvinner og tre menn. På det kvinnelege landslaget er det Lidija Vukic, Elisabeth Hellerdal Fosstveit og Åshild Øie Dybdal, og på herrelaget er det Adrian Sunde, Tormod Hausken Jacobsen og Pål Bierman Jørgensen som stiller som representantar for Noreg. I utgangspunktet er undervannsjakt som konkurranseform ein individuell konkurranse, men poenga vil også slåast saman og rangere laga frå dei ulike landa. 

Under meisterskapet i Tyrkia er sjølve konkurransedagane fredag og laurdag (31.05 og 01.06), men både herre- og kvinnelandslaget reiser ned helga før (25.05) for å scoute, altså bli kjend med områda for konkurransen, fiskeartar og så vidare. Dette er ein viktig del av førebuingane for utøvarane slik at dei kan prestere best mogeleg under konkurransen. I påska har også landslaget blitt invitert til Montenegro for å trene saman med landslagsutøvarar derifrå.

Fleire frå landslaget har delteke på internasjonale konkurransar tidlegare. Elisabeth Hellerdal Fosstveit og Lidija Vukic deltok på VM i Laredo, Spania i fjor, der Lidija kom på ein strålande 7. plass! Dette kan du lese meir om her. Elisabeth Hellerdal Fosstveit tok bronse under førre EM som var arrangert i Finland i 2022. 

Under følgjer ein kort presentasjon av dei ulike utøverane. Det vil også vere mogleg å følgje førebuinga på laget sin eigen instagramkonto, @norway.spearfishing.team, samt deira private kontoar. 

Norges Dykkeforbund vil sjølvsagt også leggje ut oppdateringar undervegs!

Kvinnelandslaget består av: 

Elisabeth Hellerdal Fosstveit, 34 år

Studentenes Undervannsklubb Tromsø (SUT)

Tidlegare internasjonale meisterskap: VM 2023, Bronse i EM 2022, Nordisk 2022, 2023

Elisabeth byrja å dykke i Tromsø for 7 år sidan. Ho seier at ho var glad i å bade, men litt redd for djupt vatn og at ho ville sanke mat sjølv. Ho ville først og fremst bli betre kjend med havet, og kanskje var det også interessa for bogeskyting som førte til undervannsjakta. Uansett har det balla på seg og no likar ho best å dykke på yttersida og å jakte på stor kveite. Til dagleg jobbar Elisabeth som instruktør på Arcos sikkerheitssenter.

Korleis førebur eg meg til EAC: Eg held kondisen i gang med undervannsrugby gjennom året, skal også på tur til Montenegro i mars for å dykke og trene til konkurransen. Utanom det blir det å nerde på arter. 

Ambisjonar for EAC: Først og fremst å delta og få fisk, har ambisjoner om å bli meir trygg på artar og storleik slik at eg kan ta gode valg under konkurransen. 

Instagram: @seasickspearo

Lidija Vukić, 43 år

Flekkefjord Dykkerklubb

Tidlegare internasjonale meisterskap: 7. plass VM 2023, Bronse Nordisk 2023, Sølv Nordisk 2022

Lidija har dykka i 20 år og byrja først med dykking i heimlandet Montenegro, og forelska seg i undervannsjakt frå første stund. Ho er dermed allereie ekspert på undervannsjakt i Middelhavet. Sjølv om ho aller best likar å dykke i varmare strøk, så elskar ho å jakte på stor lyr her i Noreg. Lidija er kaptein for kvinnelandslaget til EAM 2024.

Korleis eg førebur meg til EAC: Jeg kommer til å dykke mye på fritiden, men også på treningsopplegg i Montenegro med de andre kvinnene på laget. 

Ambisjonar for EAC: Jeg håper på å finne fisk, og kommer til å gjøre så godt jeg kan. Under VM i fjor fikk jeg en god plassering, og er spent på om jeg kan overraske meg selv også denne gangen.

Instagram: @lidija_vukic

Åshild Øie Dybdal, 32 år

åshild.jpg

Studentenes Undervannsklubb Tromsø (SUT)

Åshild har dykka i 2 år og byrja med fridykking og undervannsjakt fordi ho vart inspirert av kjærasten og gode venar. Ho dykkar mest i kalde Tromsø med selskap av gode venar og fortel at ho likar best å jakte på fisk som jaktar på annan fisk. Til dagleg studerer Åshild nautikk på Universitet i Tromsø.

Korleis eg førebur meg til EAC: Treningsleir med dei andre damene på landslaget i Montenegro og så blir det å pugge fiskeartar på tyrkisk.

Ambisjonar for EAC: Håpar på å iallfall få ein fisk, men gler meg mest til å lære mykje om eit nytt område.

Instagram: @dive.dal

Herrelandslaget består av:

Adrian Sunde, 34 år

Molde UVK

Tidlegare internasjonale meisterskap:Nordisk 2013, 2014

Adrian har dykka i 14 og fyrste gongen han prøvde fridykking var i Oslofjorden, midtvinters i ei 2 mm vannsportdrakt. Adrian fortel at han tidlegare har dykka året rundt, men at det har blitt litt sjeldnare med familielogistikken. Han likar aller best å dykke på Vestlandet etter lyr og til dagleg jobbar Adrian i Montessoribarnehage i Molde, er gift og har 3 barn. Adrian er kaptein for herrelandslaget til EAM 2024.

Korleis eg førebur meg til EAC: Litt fysisk aktivitet, og litt undervannsrugbytreninger. Skal også ta noen turer i sjøen og trene når det nærmer seg.

Ambisjonar for EAC: Få fisk, og lære mest mulig, unngå sisteplassen.

Instagram: @sundeadrian

Tormod Hausken Jacobsen, 30 år

Sola Fridykkerklubb 

Tidlegare internasjonale meisterskap: Nordisk 2022 

Tormod har dykka i 15 år og har alltid vore glad i havet og fisking. Han starta å dykke på Randaberg utanfor Stavanger, men fortel at han har hatt dei beste dykkeopplevingane på Frøya. Tormod er ein ivrig undervannsjegar som dykkar i snitt rundt ein gang i veka heile året og han likar aller best å jakte etter stor lyr. Til dagleg er Tormod rådgjevar for Statsforvaltaren i Rogaland.

Korleis eg førebur meg til EAC: Prøver å dykke på litt nye måter i huler med lykt. 

Ambisjonar for EAC: Håper å ta fisk og samtidig lære å jakte på nye arter og området

Instagram: @tormodjacobsen

Pål Bierman Jørgensen, 31 år

pål.jpg

Trondheim Fridykkerklubb

Tidlegare internasjonale meisterskap: Nordisk 2022

Bergensaren Pål byrja med flaskedykking (sportsdykking) for 12 år sidan. For 4 år sidan oppdaga han undervannsjakt etter at snorkling og bading ved familiehytta hadde blitt djupare og djupare. Pål dykkar heile året og fortel at han elskar alt av vannsport: fiske, segl, surf! Favorittplassen å dykke er på Hitra, og då vil han aller helst jakte etter torsk. Til dagleg jobbar Pål som industridesignar hos Inventas i Trondheim. 

Korleis eg førebur meg til EAC: Har begynt å øve meg på huler og lykt. 

Ambisjonar for EAC: Håper å få til å ta en fisk! 

Instagram: @paalbjo

 

 

Kontakt oss!

Lurer du på noe? Ta kontakt med den ansvarlige for dette temaet i administrasjonen så hjelper vi deg!

Inez Santos Aase
Inez Santos Aase
Idrettskonsulent

E-post: inez@nif.idrett.no

Ansvarsområder: Rekruttering og breddeidrett, klubbutvikling, ungdomsprosjekter og paraidrett. Fridykking og undervannsjakt.

Nippon gases Hold norge rent Nordic Choice Hotels Sparebankstiftelsen DNB MARFO Handelens Miljøfond